bul

Idrottslaget

spyd UM

spyd UM

 
 
Spydgruppa trener 2-3 gonger i veka heile året. I vinterhalvåret trener gruppa på Noregs Idrettshøgskole og følgjer treningstidene til OFIK.  Frå juni-september trener gruppa på Bislett Stadion.

Spydgruppa har nå 12 utøvarar i alderen 14 – 23 år. Gruppa har eit godt sosialt miljø og rekrutterer òg frå andre klubber.

Tidspunkt:
Tysdag og torsdag kl. 18.00 – 20.00.

Oppmøte:
Bislett Stadion

Trenar:
Spydtrenar er Jan Dubowski. Jan har lang erfaring som spydtrener og har blant anna vore regionstrener i spyd for austlandet. I tillegg har han vore spydtrener i fleire klubber, til dømes Askim, Snøgg, Fredrikstad, Moss og Mysen før han kom til IL i BUL i 2009. Ta kontakt med BULkontoret eller Jan Dubowski per telefon 45222309 dersom du ønskjer å trene med spydgruppa.

Nokre av dei beste spydutøvarane våre:

Rebekka Engen (1996) som blei nr 3 i UM 2011 og har ein personleg rekord på 44,19 m (400gr).  Denne sesongen har ho allereie tatt NM-kravet for kvinner senior med 600gr. Den nye persen med 600 gr lyder på 42,91m.

Jørgen Staurvik Strand (1996) som blei nr 1 i UM 2011 og har en personlig rekord 54,74m (600gr). Jørgen kasta langt alt som 13 åring. Han har framleis NCC-rekorden for 13- åringar på 49,95m (400gr).