bul

Idrottslaget

VesleBUL

VesleBUL

VesleBUL er allidrett for barn som er fødde i 2005/2006 og 2003/2004.

VesleBUL er organisert som ein idrettsskule. Vi legg vekt på glede, mestring, variert trening og leik. Barna skal bli kjende med kva kroppen kan klare av ulike øvingar både innanfor friidrett og andre idrettar, til dømes dans, turn og  ski.

Dei eldste i gruppa får prøve seg i konkurransar og får tilbod om meir spesifikk friidrettstrening. Vi prøver å tilpasse treninga til nivå og modnad hos kvar einskilt. Vi ønskjer å vere ein trygg plass der alle kan få utfolde seg slik det passar og der alle trivast saman.

 
Alle barn t.o.m. 12 år er forsikra gjennom Norges Idrettsforbund. Les meir om det her
 
Tidspunkt:
 
VesleBUL 1: onsdagar kl. 16.30-17.30 (Julie F.B., Tora, Kristian)
VesleBUL 2: onsdagar kl. 17.30-18.30 (Julie F.B., Tora, Karoline)
VesleBUL 3: onsdagar kl. 18.30-19.30 (Anniken, Simen, Ousman, Julie B.)
VesleBUL 4: onsdagar kl. 18.30-19.30 (Sivert, Phyllis)
 
Stad:
 
VesleBUL 1, 2 og 3: Bislett Stadion, nede ved løpebanen (inne om vinteren)
VesleBUL 4: Bislett Stadion i sommarhalvåret, KG i vinterhalvåret
 
Trenarar:
 
Hovudtrenar: Julie Farseth Berg  
 
Andre trenarar:
 
Tora Spangen Nordmann
Karoline Klemp Petersen
Kristian Berg
Anniken Henriksen
Ousman Touray
Simen Kjensli
 
Alle er aktive utøverar i BUL.
 
Påmelding:
 
For tida er det ventelister i VesleBUL.
 
Tlf.: 23 21 41 68/69
E-post: idrottslaget@bul.no

 

Det er venteliste for å trene i vesleBUL. Ønskjer du å trene, meld deg inn her for å komme med på ventelista. Ingen betaling/faktura før de har fått bekrefta plass.