Cathrine Larsåsen viste god form i eit stemne i Gøteborg i helga. Ho hoppa 4,11 m og hadde eit svært godt forsøk på 4,21 m, som ville ha vore norsk rekord. Den rekorden satsar vi på at kjem i Stokke på stavgallaen 31.1., kor vi oppfordrar alle frå BUL til å kome og sjå. Stemnet byrjar kl. 12.00 på Brunstad konferansesenter, og det er gratis entré.
PS Det gror godt i BUL no: Julie Farseth Berg, ein av dei lovande juniorane våre, sette ny pers og hoppa 2,75 m i Gøteborg. Ho trenar no med Anker Thomsen, og det har gitt resultat!





