MiniBUL er leik og bevegelse for dei som er fødde 2006, 2007/2008.
I MiniBUL legg vi vekt på allidrett og at barna skal ha det gøy med aktivitet. Aktivitetane er leikorienterte og inneheld element frå friidrett så vel som frå andre idrettar, som for eksempel turn. Det er særleg lagt vekt på at barna skal bli trygge på ulike motoriske rørsler og utvikle balanse og koordinasjon.
Trenaren er også oppteken av at treninga skal vere ein trygg plass, kor alle får lære i sitt eige tempo. Øvingar der alle er i aktivitet samtidig, stafettar og andre samarbeidsøvingar blir ofte brukte. På den måten vert det fokusert på lagkjensle og eiga meistring framfor samanlikning med andre. Trening i MiniBUL er ein fin introduksjon til idrett og fysisk utfolding.
Alle barn t.o.m. 12 år er forsikra gjennom Norges Idrettsforbund. Les meir om dette her.
Tidspunkt:
Onsdagar kl. 17.30-18.30
Stad:
Bislett Stadion om sommaren.
Om vinteren trener gruppa i gymsalen på KG, rett ved Bislett.
Trenarar:
Anniken Henriksen
Nadia Akpana Assa
Ousman Touray
Alle er aktive utøvarar i BUL.
Påmelding:
For tida er det ventelister i MiniBUL.
Tlf.: 23 21 41 68/69
E-post: idrottslaget@bul.no
Det er venteliste for å trene i miniBUL. Ønskjer du å trene, meld deg inn her for å komme med på ventelista. Ingen betaling/faktura før dykk har fått bekrefta plass.