Ivan Kristoffer Nilsen frå Lambertseter starta med friidrett som 8-åring. Det var likevel ikkje før han begynte å trene med Hanne Haugland i 2007, at han for alvor skulle vise seg å vere eit stort talent innan høgde. Haugland ser på Kristoffer som eit talent som har likheitstrekk med den tidligare Europameisteren i høgde, Steinar Hoen. I løpet av 2008 sette han ny personleg rekord frå daverande 1.95 til 2.08. I 2010 slo han sin eigen rekord heile tre gonger på eit og same stemne. Det resulterte i NM-gull og ein ny pers på 2.21. i 2011 og 2012 har han befesta sin posisjon som ein av landets beste høgdehopparar og jobbar mot nye høgder. Han kombinerer no friidretten med historiestudiar på Universitet i Oslo.
Fødd
28.3.89
Trenar
Hanne Haugland
Personlieg rekord
2,21