Kjære gamle og nye medlemer!
Tysdag 11. januar startar IL i BUL opp mosjonsgrupper i langrenn for både barn og vaksne. Gruppene får felles treningstid og stad (på Sognsvann), men trenar ein time kvar for seg. Gruppa for vaksne blir leia av Vigdis Rønning, tidligare toppløpar for BUL på 80-talet. Vigdis har lang fartstid både som BUL-medlem og langrennsløpar. Ho har mange medaljar frå skisporten, blant anna frå NM, VM og ei rekkje andre internasjonale renn. Dette vil bli ei gruppe som er tilpassa alle vaksne, uansett mål og nivå!
Tysdag 11. januar startar IL i BUL opp mosjonsgrupper i langrenn for både barn og vaksne. Gruppene får felles treningstid og stad (på Sognsvann), men trenar ein time kvar for seg.





