BUL sitt julestemne gjekk av stabelen laurdag 11. desember, med 42 klubbar som deltok frå Dimna IL i vest, til Halden IL i sør. Heile 375 idrettsglade utøvarar deltok på til saman 839 startar, og sørgde for god stemning og mange nye personlege rekordar. Sjå bileta frå stemnet her.
BUL sitt julestemne gjekk av stabelen laurdag 11. desember, med 42 klubbar som deltok frå Dimna IL i vest, til Halden IL i sør. Heile 375 idrettsglade utøvarar deltok på til saman 839 startar, og sørgde for god stemning og mange nye personlege rekordar.
Det kom mange gode prestasjonar i løpet av dagen, bl.a. blei det sett ny årsbesterekord i kule J13, og tangeringar av årsbesterekordar i 60 m og høgde G13. Den sterkaste prestasjonen stod Camilla Rønning, Nittedal IL (J15), for då ho sette ny aldersrekord i 4 kg kule med heile 12,86 m! I tillegg sprang ho inn til årsbeste på 60 m med tida 7.97s
BUL stilte med 47 utøvarar, og med stor deltaking også i dei yngste klassane frå 10 til 12 år. Dette lovar bra! Det kom mange gode resultat frå utøverane i 14-15 års alderen. På 600 m fekk Alexandra ein flott 3.plass, det same fekk Thea i Kule 2 kg. Av gutane kan me nemna Jørgen, som utmerka seg med gode prestasjonar, blant anna med ein sterk 60 m, 2. plass i kule og 3. plass i lengde. Andre gode prestasjonar kom frå Trine (16) med ein 3. plass i 200 m, Ousman (15) og Kristian (17) kapra kvar sin 2. plass i høgde, og seniorgutane Thomas og Carlos som fekk ein henhaldsvis 2. og 3. plass på 60 m. Det blei òg ein dag med mange nye personlege rekordar. Desse kom fyrst og fremst i sprintøvingane, men òg nokre i kule. Me tek med ein oversikt over nye personlege rekordar for BUL-utøvarar i klassane 13 år og oppover:
MS – 60 m: Thomas Jakobsen 7.35
MS – 60 m: Alexander Helland 7.58
G15 – 60 m: Sivert Korshamn-Jartoft 7.55
G15 – 60 m: Hans Christian Walker 7.68
G15 – 60 m: Elias Wehus Fallgren 7.77
G14 – 4 kg kule: Jørgen Staurvik Strand, 10,80 m
G14 – 4 kg kule: Henrik Brodin Lien 9,06 m
G14 – 60 m: Anders Bakken Arneberg 8.77
G13 – 60 m: Thomas Bjerkan 8.33
J13 – 600 m: Alexandra Walker 2.06,55
Gratulerer til alle utøvarar og takk til alle dommarar, friviljuge og føresette som bidrog til å gjere julestemnet til ei flott oppleving for alle!