Nok ein BUL-utøvar har denne veka markert seg som ein av Noregs største langrennstalent.
Under Noregs Cup på Beitostølen i helga, klaffa det endeleg for Anne-Tine Markset etter ein litt trøblete sesong. Ho gjorde eit av sine livs sterkaste skirenn hittill, og følgde dei beste utøvarane heile vegen, både i junior- og seniorklassane. Ho enda opp med ein 4. plass både i 10 km fristil og 5 km klassisk, noko som er ein kjempeprestasjon!
Anne-Tine Markset er ei allsidig jente som driv med både skiskyting, langrenn og orientering. Ho kan blant anna skilte med langrennsgull i ungdoms-OL 2009 og gull og bronse i junior-NM langrenn. I tillegg har ho gull og sølv i junior-NM i skiskyting. I orientering tok ho sølv i junior-EM i Serbia i 2009.





