bul

Idrottslaget

Cathrine

Cathrine

stavsprang action

Cathrine er eit av dei største friidrettstalenta som finst i BUL og i Noreg i dag – enda meir spannande er det at ho har valt stav som øving. Stavhopp var rekna som så krevande at øvinga ikkje blei innført for kvinner i OL før i 2000. Uoffisielt er stav rekna som verdas vanskelegaste idrettsgrein.


Stavhopparen Jelena Isinbajeva har verkeleg sette stav for kvinner på verdskartet med sine fantastiske prestasjonar og personlegheit. Hos Cathrine i BUL ser vi mange av dei same kvalitetane: eit enormt talent, sjølvdisiplinert, seriøs, utåtvend og alltid positiv! Cathrine har utvikla seg år for år og når stadig nye høgder. Ho bur og trenar for tida i København, Danmark for å nå måla i 2012. I 2012 er dei store hovudmåla EM i Helsinki og ikkje minst OL i London. Vi gler oss til å fylgje Cathrine mot nye høgder.
 

Fødd
05.12.86

Trenar
Lars Nielsen (Danmark)

Personlig rekord
4.40 m (norsk rekord), innendørs 4.41 ( norsk rekord)

 

Meritter
• Kongepokalvinnar i friidrett 2008.
• Noregs einaste internasjonale utøvar i stav for kvinner.
• Har sette norsk rekord 16 gonger!
• Fyrste kvinne over 4 m i 2006.
• Nr 9 i stav under U 23- EM i 2007
• Tok ein 8. plass i EM i Barcelona i 2010 og satte nok ein norsk rekord.
• Deltok i VM i Daegu i 2011
• Ny norsk bestenotering innandørs på 4.41 under landskampen i Steinkjer 2012


Stav er økonomisk belastande da utstyret er dyrt og ein treng gode innandørsfasilitetar for å hevde seg. Dersom du ønskjer å hjelpe våre utøvarar med satsinga – ta kontakt med IL i BUL.

Europamesterskapet og dei Olympiske Leikar er sesongens hovudmål for Cathrine