bul

Idrottslaget

 


 




Ein kan fortsatt sette seg på ventelste, slik at ein får plass dersom nokon melder seg av. Send e-post til Suhonen@online.no

Velkomen til IL i BUL sin friidrettsskole sommaren 2011

Idrottslaget i BUL vil sommaren 2011 arrangere tre friidrettsskoleveker på Bislett Stadion. Friidrettsskolane blir arrangerte i veke 31, 32 og 33 – måndag til torsdag. Det er mogeleg å vere med på ei veke, to veker eller alle tre vekene.Tilbodet er for barn 6-12 år, både for dei som allereie trenar friidrett, og for dei som er heilt ferske. Nivået blir tilpassa kvar enkelt – alle skal få oppleve både meistring og nye utfordringar. Instruktørane våre er til vanleg trenarar i IL i BUL sine barne- og ungdomsgrupper, og har god erfaring med å leggje til rette aktivitetar for barn.

På IL i BULs friidrettsskole vil barna kunne prøve dei ulike friidrettsøvingane. I tillegg vil vi ha andre aktivitetar som hinderløyper, leik og innslag frå andre idrettar. Kvar friidrettsskoleveke avsluttast med utdeling av diplom og medaljar til alle deltakarane. Velkommen!

For å stå på venteliste, send e-post til: suhonen@online.no

 

 

Pris: 900 kr (sjå link nederst for kva som er inkludert i prisen.)

Denne infoen må vere med ved påmelding:

Fullt namn på deltakar:
Fødselsdato:
Adresse:
Føresett/kontaktperson:
Kontaktinfo for føresett/kontaktperson – e-postadresse og telefonnummer:
Kva for veke(r):
Eventuelt andre tilleggsopplysingar

Eit infoskriv vert sendt ut til alle påmelde i forkant av friidrettsskolen (perioden 15. mai-31. mai)

Her kan du lese fleire praktiske opplysningar om Friidrettsskolen.