bul

Idrottslaget

 


 




Ezinne Okparaebo gjorde ein flott prestasjon under innandørs-EM i Paris i helga. Nivået var høgt, men det var berre to kvinner som var raskare i finalen.

Ezinne gjekk i mål med tida 7.20, dette var same tid som i semifinalen. Teknisk sett beskriv ho likevel finaleløpet som mykje betre. Ifølgje bronsejenta sjølv, fekk ho ein kjempebra start på løpet, og ho er strålande fornøgd med eigen innsats.

For Cathrine Larsåsen fungerte det ikkje heilt denne gongen, og etter tre forsøk på 4.35, var det 4.15 som blei ståande som beste hopp. Stine Kufaas gjekk over 1,89 i høgde, noko som er årsbeste.