Klubben vår er snart 100 år - den blei stifta 8. januar 1913. Ski og friidrett var hovudaktivitetane, og med skikongen Johan Grøttumsbråten blei BUL raskt sett på kartet. IL i BUL har sidan starten òg utmerka seg på friidrettsbanen. Allereie i 1930-åra byrja dei første kvinnene med friidrett i BUL.
Målet vårt er å leggje til rette for gode treningsmiljø, noko som omfattar friidrettshall, eit samlande miljø med sosiale tilstellingar og arrangement, gode trenarar og talentutvikling. Klubben ønskjer å gje eit godt treningstilbod i alle øvingar i friidrett. På den måten kan vi ta vare på både det gode breiddetilbodet og topputøvarar i alle aldersklassar. Barnetreningane ønskjer vi å organisere som som idrettsskoler, slik at alle får moglegheit til å prøve ulike greiner og ein unngår for tidleg spesialisering.
Dei siste 30 åra har BUL kanskje vore den klubben i Noreg som har satsa mest på barn og unge. Unni Helland og den tidlegare langdistansestjerna Thor Helland har gjort ein fantastisk innsats her. Dei held framleis på som trenarar for dei unge lovande talenta våre. Vi er òg heldige som har blant anna Hanne Haugland, Joanna Bryla, Odd Ivar Nyheim og Jan Dubowski som ein del av ein dyktig trenarstab.