bul

Idrottslaget

 


 




Ane og Kristin fra BUL

Ane og Kristin fra BUL

Åpningsseremoni

Åpningsseremoni

I helga gjekk Holmenkollen Special Olympics av stabelen på Noregs nasjonalarena. Heile 200 deltakarar frå 13 ulike nasjonar var representerte. Blant dei var sju av BUL sine eigne BVT-utøvarar.

I strålande sol og nydeleg vårtemperatur, var det sjølvaste ordførar Fabian Stang som heldt talen under opningssermonien. Mange hadde møtt opp for å heie fram dei ivrige deltakarane, og stemninga var fantastisk frå fyrste sekund!

BVT-gruppa var godt representert ved 3 kvinner og 4 menn, og utøvarane såg ut til vere svært nøgd med opplegget.

Det vart konkurrert i 100 m, 500 m, 1 km, 3 km og 5 km. I god Petter Northug-stil gav BVT-gruppa alt dei hadde og ramla over mållina mens dei heiv etter pusten. Smørjesjef Dag Tidemandsen hadde gjort ein utmerka jobb med klisteret på førehand, og både feste og glid var upåklageleg. Også Olav Aaboen gjorde ein suveren jobb i kulissane, dette bidrog til at det vart eit svært vellukka arrangement.

BUL er medarrangør til Holmenkollen Special Olympics saman med Special Olympics Norge, Civitan og klubben Heming.

Vi gratuelerer Annelise Andressen, Kristin Brandt, Ane Molden, Jarle Fladberg, Stig Tidemandsen, Harald Eika og Anders Moholt med fantastisk innsats!