Laurdag 14. juni gjekk verdas største stafett av stabelen i Oslo. IL i BUL stilte i år med tre lag. Det blei gull til BUL sitt mosjonslag, og gode plasseringar til elitelaga.
BUL sitt elitekvinnelag kom på ein flott 6. plass i årets stafett. Det var fleire som utmerka seg som svært sterke på sine etappar. Vi kan blant anna nemne Martine Ek Hagen, Heidi Weng, Trine Berre og Randi Kjerstad. Alle fire var blant dei beste i sine løp. Laget enda opp med tida 1.03,19. Dette var 04,25 bak vinnarlaget.
Elitelaget for menn gjorde det òg godt og enda på ein 10. plass. Alle gjorde ein god innsats, men blant dei med best tid, kan vi nemne Thomas Jacobsen, Amund Hoffart, Einar Jacobsen og Eirik Haugstad. Dei tre siste hadde alle best tid i sine etappar.
Det var ikkje berre elitelaget som gjorde det godt denne dagen. For mosjonsgruppa "Tren til Sentrumsløpet" blei det full klaff og siger i si klasse! Fantastisk innsats og strålande resultat frå gruppa som har trent saman siden i haust. Vi gratulerer!





