bul

Idrottslaget

Sentrumsløpet logo

Sentrumsløpet logo

Cirkus

Klar til start

Klar til start

Hilde Osnes

SL 2011

SL 2011

Sentrumsløpet er eit av Noregs største løpsarrangement. Kvart år inviterer Idrottslaget i BUL til ein folkefest i Oslos gater. Løpet er 10 km langt og passar for både mosjonistar og eliteløparar. Både vaksne og barn kan delta.

 

Løpeglede i sentrum

Sentrumsløpet blei arrangert fyrste gong i 1981. 1860 menneske gjennomførte løpet. Interessen auka raskt og berre året etter var det 3600 deltakarar. Sentrumsløpet nådde ein topp i 1988 med nesten 18 000 løparar. I 2011 nådde løpet nok ein gang nye høgder, kor heile 8000 var påmeldt til løpet . I 2012 var omlag 9100 påmeldt. Og i 2013 ligg ein an til endå fleira påmelde!

Hyundai er generalsponsor og tittelsponsor for Sentrumsløpet. Løypa er tradisjonell og går gjennom heile Oslo sentrum.

Barnas Sentrumsløp

Barnas Sentrumsløp har pågått sidan 1987, og det har vore over 1000 deltakarar ved fleire høve. Det har vore ulike distansar for barn – no er distansane 700 m for alle dei tre klassene: 3-5 år, 6-8 år og 9-11 år. Det er premiar til alle. Elles er distansen 10 km for alle over 12 år.

For meir informasjon on Hyundai Sentrumsløpet, besøk heimesida vår: http://www.sentrumslopet.no/

 

Løpetrening gjenom heile året
 
"Løping er kanskje den mest utbreitte form for kondisjonstrening, og den mest effektive," sies det.
 
Vi i IL i BUL ynskjer å få fleire folk i god form. Hyundai Sentrumsløpet kan vere eit godt mål for dei fleste da alle kan klare å gjennomføre ein 10 km - samtidig som det er passe utfordrande! IL i BUL kan hjelpe deg med å trene til løpet. Vi har løpetrening for vaksne gjenom heile året, også i sommarferien. Ønskjer du å trene i hyggelege omgivelsar og i eit godt treningsfellesskap, kan du bli med på faste treningar måndagar og/eller torsdagar. Sjå her for meir informasjon om tid og stad.
 
 
Hyundai Sentrumsløpet handlar ikkje berre om resultat, men også om gleda ved å delta. IL i BUL set fokus på at Sentrumsløpet er eit løp for alle, utan omsyn til alder, kjønn, religion, hudfarge og funksjon. Vi leggjer sjølvsagt til rette for at personar med funksjonshemming kan delta.