bul

Idrottslaget

BVT

BVT

11-12. august 2012 er det igjen klart for Bislett Special Olympics. Stemnet arrangeres på Bislett Stadion og alle er velkomne anten som deltakar eller som publikum.

 
Arrangør:
Idrottslaget i BUL i samarbeid med Norges Fri-idrettsforbund, Civitan Norge
og Special Olympics Norge.

 
 
Stad:
Bislett Stadion.
 
Tid: 11-12. august 2012.
 
Løpsøvingar:
Kvinner og menn:
60 m (også for rullestolbrukarar)
100 m (også for rullestolbrukarar)
200 m
400 m
800 m
Bislettløpet (eige arrangement laurdag)
Stafett (søndag) - ikkje blanda lag
 
Kastøvingar:
Kast med ball (150g)
Kule Menn 6 kg.
Kvinner 4 kg. (i kastfelt)
 
Hoppøvingar:
Lengde med tilløp
Lengde utan tilløp
3 kast/hopp der det lengste blir teljande.

 
Kvar deltakar kan berre delta i 3 øvingar i tillegg til stafett.
 
Klasseinndeling:
Alle øvingane blir arrangerte etter Special Olympics’ regelverk med forsøk og finalar i dei individuelle øvingane. Klassane i finalane blir sette saman etter alder og oppnådde resultat i forsøka. Kvar klasse skal ha minimum to og maksimum åtte deltakarar. Nedre aldersgrense er 12 år. Forsøka skjer laurdag 11 august og finalene går på søndag.
 
Klasseinndelinga er: 12-15 år, 16-21 år, 22-29 år og ei klasse for dei over 30 år.

15% regelen:
Ved klasseinndeling av finalane skal skilnaden mellom det beste og det dårlegaste resultat ikkje avvike meir enn 15%. Det er difor viktig at utøvaren yter sitt beste både i forsøk og finale. Er avviket mellom oppnådd tid i forsøk og finale meir enn 15% vil juryen kome saman og vurdere dette. Dersom det ikkje er nokon naturleg forklaring på avviket kan deltakaren bli diska.
 
Premiering:
Det blir delt ut gull-, sølv- og bronsemedaljar til dei tre beste i kvar klasse. Dei andre, frå og med 4. til og med 8. plassering, får deltagarmedaljar. Premieutdelinga blir søndag 24. august, ca 30 min. etter kvar finale. I stafetten blir det berre delt ut gull-, sølv- og bronsemedaljar i kvar klasse - kvinner og menn. Reglar som bør kjennast før påmelding: Ved 800m vert det sett ut tilvisarar til hjelp for den einskilde deltakar. Det er ikkje tillate for føresette/trenarar fysisk, å yte hjelp, med mindre det oppstår situasjonar der hjelp trengst.
 
Påmeldingsskjema skal sendes til: 
Bislett Special Olympics, Idrottslaget i BUL
Rosenkrantzgt. 8, 0159 OSLO
 
Påmelding kan også sendes på e-post: idrottslaget@bul.no
 
under finn De heile innbydinga i pdf format og påmeldingsskjema.