og ungdommen kjem sterkt...
NM senior Byrkjelo 12-14. august 2011
IL i BUL blei for tredje år på rad den tredje beste klubben i Noreg i NM for senior med 4 gull og heile 5 sølv.
Gull-medaljane kom som på bestilling med Ezinne, Jays, Cathrine og 1000 m stafett for menn. Stafetten var det knytta mest spenning til. Peter E. R Osazuwa har slitt med skade i heile år, men beina klarte seg og gjorde jobben på fyrste etappe. Etter at Jays hadde sprunge 200 m og skaffa eit godt forsprang, klinka Einar-Andre B Jakobsen til, og for storebror Thomas, var det berre å sikre gullet på siste etappen. Stor glede i laget da sigeren var eit faktum.
Jays og Ezinne fekk solide resultat i heat med null motstand, sjølv om dei hadde håpa på enda betre tider (10,29 og 11,57). I stav starta Cathrine som vanleg etter at dei andre hadde gått ut av konkurransen, Cathrine hoppa svært godt og sette meisterskapsrekord med 4,31 m og sikra gullet. VM-formen er inne!
Kanskje aller mest gledeleg var sølva til dei to ung-jentene Chiamaka Okparaebo og Julie F. Berg. Chia sette ny pers med 12,25 tidleg i trestegs-konkurransen, men Oda U. Onstad sneik seg føre ho i fjerde omgang med ein cm og sende Chia ned på den sure 4. plassen. I siste omgang klarte Chia å presse persen enda eit hakk til 12,35 m og sølv!
Julie F. Berg har hatt enorm framgang i stav denne sesongen, og gjennomførte ein svært god konkurranse kor persen på 3,60 m blei tangert; det blei det delt sølv ut av! Fantastisk for Julie, som berre er 17 år gammal.
To ikkje så fantastiske sølv gjekk til Kristoffer Nilsen og Stine Kufaas i høgde. Begge vann i fjor, så måla blei ikkje innfridd. Høgde er ei lunefull øving, og begge har meir å gå på.
Svært gledelg blei det sølv til Heidi P Trollsås, som denne sesongen gjorde comeback og starta å springe for BUL. Heidi vann 400 m hekk for 10 år siden på NM, og kapra altså sølvet denne gongen etter eit meget godt gjennomført teknisk løp.
Turen til Gloppen var fin, stemninga god og veret upåklageleg heile helga. Tusen takk til alle flotte BUL-utøvarar og trenarar som deltok!