Martine held fram med å imponere i langrennsløypa. Laurdag 25. februar gjekk ho eit fantastisk renn i U23-VM i Tyrkia og henta heim både gull- og bronsemedalje i den tøffe konkurransen.
Martine hadde jobba mykje med strategien på førehand og var godt førebudd til rennet som gjekk heile 1 800 meter over havet. Ho tvinga seg sjølv til å halde igjen krefter i starten for å setje inn støtet ca. 2 km før mål. Det var ei heilt rett vurdering og resulterte i eit edelt gull på fellesstart 15 km skibyte. Enebakk-jenta gjekk også eit strålande renn i same meisterskap tidligare i veka, der ho enda på ein 3. plass på 10 km klassisk.
Vi gratulerer med verdsmeister-tittelen!
Foto // Terje Alstad, Romeriket blad






