bul

Idrottslaget

 


 




Karoline i farta

Karoline i farta

Under UM  var IL BUL representert med  24 utøvarar. Totalt vart det 10 medaljar, mange finaleplassar og ikkje minst mange personlege rekordar, noko som tyder på at all treninga har gjeve god framgang.


Innanfor hoppøvelsane vart det 6 medaljar.
Karoline Klemp Petersen vann tresteg jenter 17 år med 10.99, ho fekk i tillegg sølvmedalje i lengde med 5.10.
Tora Spangen Normann, jenter 18/19 vart nr. tre både i tresteg og høgde med resultata 11.40 og 1.62.
Phylis Boateng-Gyamfi,  jenter 18/19 vart nr. 2 i lengde med eit hopp i siste omgang som målte 5.43.
Felles for desse jentene er eit betydeleg potensiale for videre resultatforbetring fram mot utandørssesongen


Kristian Berg fekk opp resultatet 1.85 i høgde  gutar 18/19 som heldt til tredje plass. Bra prestasjon med tanke på hard satsing på 400 m hekk og derav lite eller ingen høgdetrening i vinter.
I kappgang  fekk vi  fredag ei sølvmedalje ved Ida Moldskred Steinstad, jenter 16. Kombinasjonen  mellomdistanse og kappgang  kan framover vise seg å vere ei god investering.
Simen Kjensli, gutter 17 løp inn til  8.34 på 60 m hekk og fekk med det andre plass og ei velfortent sølvmedalje.
Sivert Korshavn-Jartoft viste utroleg fightervilje i eit svært tett og spanande finaleheat på 60 m gutar 17 år  og sprang inn til tida 7.27, etter og ha sprunge forsøk på 7.38 og semifinale på 7.30. Altså best når det gjeld! Her vart Hans Christian Walker nr. 6 med tiden 7.35, også det pers.


Samuel Blessing Elonga  sette personlig rekord på 60 m med tida 7.16 i gutar 18-19 år.  60 meter er nok noko kort for «store» Samuel som brukar minst 60 meter på å få opp farten, men resultatet  lovar godt for utandørssesongen.
Samuel Gyedu-Nkuah gutar 18/19 kom til semifinalen på 60 meter og sette fin personlig rekord i forsøket med 7.25, han var diverre noko uheldig med løpet i semifinalen som enda på 7.31.
Medalje nr. 10 kom på  stafetten kom ved gutar 15/17, 4  x  200 m. Her sprang Hans Christian Walker, Simen Kjensli, Sivert Korshavn-Jartoft og Ousman Touray. Tida blei 1.34.07, ei svært sterk tid i denne klassa. Det har aldri vorte løpt så raskt i denne klassa tidligere!!  Det vart ein hard fight med Tyrving som låg på hjul heile løpet, men Ousman viste ein utrolig vinnarvilje på siste etappe og greide å halde svært raske Jonas Halonen fra Tyrving bak seg. Ein lagseier av klasse!!
Andrelaget beståande  av Ibrahim Jusu, Grunde Myhrer,Adrian Hovland(Nesodden) og Henrik Grønbech vann sitt heat, men detvart  diverre diskvalifikasjon på grunn av tråkk på strek på fyrste etappe. Anslagsvis ville dei tidsmessig ha kjempa om en 3- 4 plass totalt.
Gutelaget på stafetten 18/19-22 kom i mål som nr 2. men det vart diverre også her fekk vi ein diskvalifikasjon etter og ha løpt på streken i sving på fyrste etappe. Her kan vi og merke oss at laget utelukkande bestod av 18 års gutar. Samuel Gyedu-Nkuah løp startetappa, vekslet så med Samuel Blessing Elonga som leverte stafettpinnen til Kristian Berg og til slutt løp Eirik Haugstad(Nesodden).
Ranheim som vann med en halsende Eirik Haugstad like bak, bestod av løparar som er både to og tre år eldre. Så her verte det revansj neste år.
 

Med andre ord, BUL bemerker seg tradisjon tru svært godt i stafettar og har mot utandørssesongen ein stamme av løparar som vil kjempe hardt for å kome med  på dei ulike laga.
Positivt var det også å registrere at vi har løparar på mellomdistanse som har eit betydeleg potensial for sterke prestasjonar framover. Trekkjer fram Endre Wigaard gutar 16 som vart nr seks på 1500m med tiden 4.23.18 etter å ha vunne sitt heat med stor margin. Feilseeda vil dei fleste av oss seie. Han vart også Nr 9 på 800m med tida 2.06.56. Meir løpstrening framover vil heilt klart by på ytterlegare fremgang til utandørssesongen.
Totalt vart det sett over 20 personlige rekorder og mange reiste heim fra Sandnes med ytterlegare motivasjon for å satse vidare mot komande utendørssesong
Undertegnede hadde den gleda av å være ein av fleire trenarar/ledarar for denne fantastiske gjengen med ungdom som løfta kvarandre fram og som viste idrettsglede og god sportsand  på tvers av øvelsar og klassar. Humor, alvor, positive haldningar og verdiar var gjennomgåande tilstades heile helga.
Denne anerkjenning og ros fortener gutane og jentene fra BUL.
Vi som ledarar hadde ein svært enkel jobb med å følge opp både på og utanfor bana.
Kan til slutt nevne og gratulere Nesodden IF – Friidrett som BUL har samarbeidsavtale med.  Klubben hadde med 4 utøvere og som alle tok medalje. Dette er eit kjempebra samarbeid som gjer resultatar for begge klubbane og som vi vil fortsette og vidareutvikle..
Vi gledar oss til fortsetninga.


Odd-Ivar Nyheim

 

UM gjekk av stabelen førre helg.
Det vart ei helg med oppturar og nedturar, men alt i alt ei god BUL- helg i Sandnes. Les meir her.