bul

Idrottslaget

Jays vinner gull

Jays vinner gull

billedinformasjone går her

hvem har tatt dette bildet?

2007 vart sesongen da heile verda fekk opp auga for stortalentet Jays Ndure. Med siger i Golden League og tida 19.89 på 200 m sprang han seg inn i den ypparste verdseliten! I 2011 sprang han inn til ein sterk 4. plass i VM-finalen på 200 m.

Jays kom frå Gambia i 2002 og byrja straks i IL i BUL. Jays sprang for skulen sin i Gambia da han budde der. Han trena ikkje så mykje friidrett, men var med på friidrettskonkurransar og dreiv med basketball og volleyball. "Da Jays kom til meg på dei første treningane, sprang jentene i frå han", fortel Olav, som har vore trenar i BUL i mange år for blant andre Mari Bjone, Marit Nyberg, Ann Helen Rinden og Sigvor Melve (og Heidi Trollsås), alle mange gonger noregsmeistrar i sprint. Jays viste seg likevel å vere eit enormt sprinttalent, og er nå ein eliteløpar på høgt internasjonalt nivå.
 

Fødd
01.01.1984

 

Trenar
John Smith. Bur og trenar for tida i USA


Personlege rekordar
100 m: 9.99 (norsk rekord)
200 m : 19.89 (norsk rekord)

 

Meritter
Jays er afrikansk meister for junior i sprint, og han deltok i VM allereie i 2003. I VM i Helsinki to år seinare blei han nr 10 på 200m. Han fekk Kongepokalen i friidrett både i 2007 og 2008. Under EM i Barcelona i 2010, sprang Jays inn til ein 5. plass på 100 m og ein 6. plass på 200 m. I 2011 vart det ein fantastisk 4. plass på 200 m.

I 2012 er det EM og OL som er hovudmålet og vi gler oss stort!

 

Dersom du ønskjer å hjelpe våre utøvarar med satsinga – ta kontakt med IL i BUL.

 

Europameisterskapet og dei olympiske leikane er sesongens hovudmål for Jays.