- det var på tide!
Ildsjelprisen 2007 til Unni Helland, IL i BUL
Pressemelding frå Oslo idrettskrets 14.04.08:
"Under Osloidrettens prisseremoni i Rådhuset tirsdag 15. april 2008 kl. 18 vil Unni Helland, IL i BUL, motta Ildsjelprisen for 2007. Prisen som er på kr 15.000, er osloidrettens fremste årlige hederspris til tillitsvalgte. I begrunnelsen for tildelingen heter det:
Alle som driv eller har drive friidrett, veit kven Unni er. Hun har vore trener og alt-mogelegdame i IL i BUL i 40 år, og ho held framleis koken!
Unni sprang sjølv for BUL på 60-talet og har fleire Noregsmeisterskap i stafett og sølv i lengde. Ho starta som oppmann for jentene i 1967 og blei så trenar. Og sidan har ho vore det, i år altså på ein- og førtiande året …
Unni har alltid jobba for at ungdom i BUL skulle trivast. Ho har vore med på alle stemne som tenkjast kan, både her heime og i utlandet. Ho har treningar minst tre gonger i veka året rundt. For Unni er friidrett ein livsstil.
Ho har spesielt tatt vare på vanskelegstelt ungdom, og vore som ei mor for mange. Ho fortener verkeleg denne prisen!"
Endeleg fekk Unni denne prisen - det var på tide! IL i BUL gratulerer så mykje.





