bul

Idrottslaget

 


 




Mest opptur for Kjølv til slutt

Mest opptur for Kjølv til slutt

Peter i storform

Peter i storform

Folake heilt utan konkurranse

Folake heilt utan konkurranse

Peter klinka til og blei årets overrasking med kjempeløp og sølv på 100 m.

Jr-NM i Stavanger 8-10.august blei nok eit godt meistersjkap for IL i BUL. Troppen var ikkje så stor som han tidlegare har vore, men det var ein super gjeng som drog av garde og som sikra BUL til saman to gull, fire sølv og tre bronse. Totalt blei IL i BUL den sjette beste klubben.

Folake Akinyemi har hatt ein lang sesong, men sprang likevel 100 m og var heilt suveren. Dessverre var sprinten prega av mykje motvind, og tidene blei deretter. Faktisk hadde nok Folake det beste løpet sitt i semifinalen; 12.27 i minus 4,4 vind er svært bra. I finalen blei tida 12.34, og marginen ned til sølvplass var på over tre tidel, så sigeren var heile tida sikker.

Peter E.R Osazuwa har ikkje fått starten heilt til å stemme før i sesongen, men i finalen sat han som eit skot, og Peter sprang jamnt med Philip Berntsen nesten heile vegen, og var knappe tidelen etter i mål på tida 11.26 i motvind . Veldig sterkt av Peter som får sjansen til å vise seg fram enda meir under Nordisk meisterskap til helga.

Heidi Berg Sand stilte, trass i skadar, opp på heile tre distansar under årets jr-NM, og etter to gode løp kor ho dessverre ikkje nådde heilt topp, slo ho til på den siste distanse, 200 m, med ein kjempesurt og kneip bronsen med to hundredelar. Tida blei 25.62.

Høgdegutta våre gjorde det litt meir spennande enn godt var, då Kjølv fyrst starta på 2,03 m og hadde to riv. I siste forsøk tok han seg kraftig saman og gjorde eit svært godt hopp, slik at ein medalje var sikra. Kristoffer Nilsen gav han god kamp, men til slutt blei Kjølv for sterk. Kjølv vann på 2,06  og Kristoffer tok sølv på 2,03 m. marius Eriksrud har hatt ein litt trøblete sesong, men fekk 8. plass på 1,85, og ,kjem nok sterkare tilbake.

Vibecke Brun har vore nesten skadefri i heile sommar, men beina funka ikkje heilt denne gongen. Konkurransen i klassen hennar var ikkje så sterk, men Vibecke hadde to godkjende resultat og sikra seg bronse i lengde på 5,48 m og sølv i tresteg (berre 5 cm frå gull) på 10,95 m. Flott å ha med Vibecke igjen - her er det framleis mykje potensiale!

På mellomdistansane for menn blei dessverre dei fleste løpa prega av lureløp. Henrik Berg-Olsen gjorde ein svært god 1500 m og fekk bronse på tida 4,03, 24. Dessverre blei konkurrentane for sterke i spurten på 800 m, kor det blei 5. plass. eigentleg blei alle BUL-løparane offer for lureløpinga og klarte ikkje å hengje med i spurtane. Christian Brun Norbye var svært nære å kvalifisere seg til finalen på 800 m og sprang bra på 1,59, 51, men det heldt altså akkurat ikkje til finale i g 19.

Lars Henrik Dahl fekk kjempepers på 400 m hekk med tida 56.94, og var ikkje langt bak bronsen.

Svært gledeleg var det også at gutta i klasse 19 år tok sølv på stafetten med Kjølv, Peter, Lars Henrik og Christian. Alle sprang bra, og særleg Christian imponerte stort då han  heldt følgje med Mauritz Kåshagen heile etappen. Gratulerer så mykje til alle!

Dei to yngste utøvarane våre, Chiamaka Okparaebo og Emma Suhonen sleit bege med slitne og vonde bein og fekk ikkje ut maks, men dei har framleis mange år igjen som junior.

Mange sakna Cathrine Laråsen på stemnet, men ho har avslutta sesongen grunna skaden ho pådrog seg i mai. Cathrine satsar for fullt på neste sesong.

I følgje arrangøren, Skjalg, skulle stemnet bli "det beste jr-NM nokon sinne", men arrangørteknisk hadde vi ein del å utsetje. Verst gjekk det utover Kjølv Egeland, som fyrst måtte hoppe under dårlege forhold i høgde, og så ikkje fekk starte i tresteg då han kom nokre minutt for seint til oppropet... Kjedeleg for Kjølv, men han fekk i alle fall med seg 1 gull og 1 sølv.

Alt i alt er vi svært stolte av utøvarane våre i BUL, ikkje berre prestasjonsmessig, men på alle måtar. Det er faktisk verkeleg ei glede å få jobbe med og ha slike folk i klubben!