bul

Idrottslaget

 


 




Jaysuma Ndure viste svært gode taktar i forsøket på 200 m i Beijing, han sprang kontrollert og gjekk lett vidare til mellomheatet. Jays har slite med skadar heile sesongen, og dessverre skulle det vise seg at problema ikkje var over. I mellomheatet fekk Jays ein ny strekk i låret og tok det roleg inn mot mål etter å ha sprunge kjempebra i svingen. Jays fekk vist at han var i kjempeform, og han gjekk også vidare til semi-finalen trass i skaden. Etter nøye legeundersøkingar, måtte han dessverre trekkje seg frå semi-finalen, og OL var over for Jays. Veldig synd, for Ndure hadde hatt gode sjansar i finalen med skadefrie bein. 

Vi håpar at han satsar vidare og klarer å sjå fram mot OL i 2012.