bul

Idrottslaget

 


 




Nordisk meisterskap i friidrett blei både ein norsk og ein BUL-suksess. 16 og 17. august i Bergen møttest dei beste ungdommane frå dei nordiske landa til dyst, og Folake Akinyemi blei den mestvinnande utøvaren med tre sigrar. På 100 m var ho heilt overlegen og vann på tida 11.92 i motvind. På 200 m blei det også siger, litt knappare denne gongen, men også her blei tida sterk i motvinden: 24.32. i tillegg sprang Folake på 4x100 m - laget som også vann.

Kjølv Egeland blei den andre frå BUL som kunne smykke seg med tittelen nordisk meister. Han vann høgde på 2,07 m.

Også Peter E. R Osazuwa og Kristoffer Nilsen representerte klubben vår, men hadde ikkje heilt dagen og fekk 6. plass på 100 m (Peter) og 8. plass i høgde (Kristoffer).