bul

Idrottslaget

BUL 14-15

BUL 14-15

 
 
Gruppa er for ungdom født 1999-1998. Trenarane legg vekt på allsidig trening med fokus på basisøvelsar innanfor løp og hopp for å auke styrke, spenst , hurtigheit og uthaldenheit samt å betre koordinasjon og balanse. På denne måten er ein betre skodd når treningsmengdene aukar i 15 års alderen. Det er noko mindre fokus på kast, særleg om vinteren grunna innetrening på Bislett. Ved ønskje og behov for spesialtrening på ulike øvingar, samarbeider vi med dei andre gruppene.
 
På trening kjem mellom 20 og 30 utøvarar på alle nivå. Gruppa jobbar saman for å bli betre og å nå måla sine.
 
Utøvarane i gruppa er med på ein god del stafettar og friidrettsstemne i løpet av året, og trenarane motiverar stadig utøvarane til økt deltaking på stemne.
 
Gruppa trenar ute på Bislett stadion i sommarhalvåret og inne på Bislett i Vinterhalvåret. Hugs å alltid kle deg etter veret. Om vinteren blir det ein del løpeturar ute, så ta alltid med klede til å vere ute.
 
Av og til er Bislett stengd grunna fotballkamp eller andre arrangement. Da har gruppa alltid trening på St Hanshaugen om ikkje anna beskjed er gjeve.

Tidspunkt:
Måndag kl. 17.00-19.00
Onsdag kl.17.00-19.00

Stad:
Bislett Stadion

Trenarar:
Hovudtrenar er Svein Erik Strand Tønnesen Tlf. 97079646.
E-post:sveinerik87@outlook.com
 
Andre trenarar for denne gruppa er Ole Pål Marsteintrædet, Kjølv Egeland og Grethe Hammersborg.
 
 
 Foto: Arne Steinstad