Årets UM i friidrett gjekk føre seg i Sigdal 29-31. august. IL i BUL fekk mange medaljar og Chiamaka Okparaebo var den som utmerka seg mest med gull i tresteg, bronse i lengde og ein god, men litt sur 4. plass på 100 m. Chiamaka fekk same tid som bronsevinnaren, men blei dømd etter i mål. Likevel eit svært godt meisterskap for Chiamaka.
Kjølv Egeland fekk etter UM ei komplett samling meisterskaps-medaljar med gull i høgde også denne gongen, resultatet blei 2.08 m i Sigdal. Høgde har blitt ei paradegrein for iL i BUL med sølv til Kristoffer Nilsen og 4. plass til Marius Eriksrud i denne øvinga for gutar 18/19 år.
Gull blei det også på 400 m hekk til Lars Henrik Dahl på tida 57, 49 før han drog av garde til Krakow og medisinstudiar.
Peter E. R. Osazuwa viste seg igjen å vere ein god meisterskapsutøvar. Det blei 2 sølv og pers på 200 m med den gode tida 22,19. Peter sprang også ein fantastisk 300 m på 1000 m stafett for gutar 18/19 år, men dessverre blei gutane tekne på målstreken av Skjalg IL i kampen om bronsen.
Christian Brun Nordbye og Håvard Hildeskor tok begge bronse på 800 m (g18/19 og g 16), Christian sette til og med pers med tida 1,55,43.







