BUL har ei langrennsgruppe, kor nokre av utøvarane er på svært høgt nivå. I tillegg til langrenn spring dei fleste utøvarane motbakkeløp om sommaren.
Oppmann/kontaktperson
Ole Morten Weng
Utøvarar
Heidi Weng
Anne-Tine Markset
Martine Ek Hagen
Henrik Bakke
May Bente Weng
Merete Weng
Elitegjengen i langrenn hadde fleire gode prestasjonar siste sesong
På 3 x 5 km stafett for senior gikk Martine Ek Hagen, Heidi Weng og Anne Tine Markset inn til ein bronsemedalje.
I sprintstafett blei resultatet enda betre; Martine og Heidi blei Noregsmeistre. I fjor blei det sølv i same øving. I fjor gikk sprintstafetten i klassisk stil mens den i år gikk i friteknikk. Jentene får verkeleg til denne spesielle øvinga. Den består av 3 etappar på kvar utøvar. Avhengig av løypelengde har etappane ein varighet på 2-3 minutt.
Individuelt blei det bronsemedalje til Martine Ek Hagen på 10 km fri, mens Heidi fikk bronsemedalje på 30km klassisk. Anne Tine tok sølvmedalje i NM for eldste juniorklasse på 15 km klassisk.
I World Cup ble Heidi Weng nr. 10 totalt og hadde 3 pallplasseringar. Den største prestasjonen hennes kom i World Cup finalen i Falun. Der blei ho nr. 2.
Også Martine Ek Hagen deltok i fleire World Cup renn på slutten av sesongen.
BUL-sprinten
BUL arrangerer kvart år BUL-sprinten på Gålå. Rennet er eit internasjonalt FIS-renn. I desember i år vart rennet arrangert for 50. gong. Utanom World Cup, opningsrenna på Beitostølen i november og NM er dette rennet det mest prestisjetunge for dei beste juniorane og seniorane i Noreg.
Vite meir?
Om du ønskjer å vite meir om langrennsgruppa, ta kontakt med BUL-kontoret.