IL i BULs prioriterte område for klubben
Barn og unge – mestring, glede og utvikling
For barn og unge står meistring, glede og utvikling høgast. Vi ønskjer å fokusere på eit godt og inkluderande miljø med stor breidde og allsidig leik og aktivitet.
Folkehelsa – IL i BUL er ein klubb for alle
BUL ønskjer som arrangør av Hyundai Sentrumsløpet å vere ein tydelig aktør innan folkehelsa, og jobbar difor aktivt for å få folk i form til Sentrumsløpet gjennom heile året. For desse kan vi tilby løpegrupper og skigrupper både for mosjonistar og eliteløparar.
Elitesatsing – utøvarar heilt i verdstoppen
Når det gjeld elitesatsinga til klubben, er det viktig for oss å ta vare på heile mennesket. IL i BUL skal leggje til rette for god trening, utdanning, kosthald og sosialt miljø slik at vi får utøvarar som trivast. Dette skal gjere det lettare for utøvarane å oppnå dei måla dei har sett seg. Samstundes ønskjer vi at dei skal kunne bruke idretten sin til å vere gode ambassadørar for klubben, med sunne haldningar og verdiar. Her kan du lese meir om dei beste utøvarane våre.
Dersom du ønskjer at IL i BUL skal vere ein samarbeidspartnar for di bedrift, kan vi tilby blant anna:
• God profilering av bedrifta di på arrangement, og/eller logo på klede, rekvisita, heimesider o.l.
• VIP-pakkar til store arrangement, til dømes Exxon Mobil Bislett Games
• Treningar til Sentrumsløpet
• Personlege trenarar med høg kompetanse
• Vi kan arrangere stemne, aktivitetsdagar o.l. for barn og vaksne
• Foredrag om trening, skader, kosthald, motivasjon og teambuilding
• Kurs i bokmål og nynorsk
Ta kontakt med dagleg leiar Hilde Osnes dersom du er interessert i å vere ein av IL i BUL sine samarbeidspartnarar.
Telefon: 23 21 41 68
E-post: Hilde.osnes@bul.no
Dette er nokre av samarbeidspartnarane våre:
Klubbsponsorar (trykk på namna for å lese meir)
Il i BUL er i 2012 utplukka til å vere ein Necon - klubb Gjennom NFIF. Her gjennomgår vi ein klubbutviklingsprosess.
Du kan lese meir om Necon her: www.necon.no
Sponsorar for Sentrumsløpet
Hyundai - Tittelsponsor til Hyundai Sentrumsløpet
Bøndenes Hus