IL i BUL har hatt handballgruppe og skihopparar. I tillegg har BUL vore ein føregangsklubb både innan kvinnefotball og orientering. I 1981 starta vi også med idrett forpsykisk utviklingshemma.
BUL har med andre ord alltid vore ein klubb for alle! Vi ønskjer eit mangfaldig og spennande miljø, og det har vi i stor grad i dag. Vi har hatt store namn som Ingrid Kristiansen og Khalid Skah i klubben. IL i BUL har vunne Holmenkollstafetten ei rekkje gonger, og har svært gode tradisjonar innafor mellom – og langdistanse. Denne gruppa er i dag i ferd meg å byggje seg opp att til å nå gamle høgder.
Dei siste 30 åra har BUL kanskje vore den klubben i Noreg som satsar mest på barn – og unge! Unni Helland har gjort ein fantastisk innsats her og ho og den tidlegare langdistansestjerna, Thor Helland, held framleis på som trenarar.
I tillegg er vi i ferd å byggje opp ei gruppe med utøvarar på eit svært høgt nivå. I 2010 i EM i Barcelona håpar vi på å få sjå minst 5 BUL-utøvarar i aksjon. Alle desse klarte kravet i 2009: Jays Ndure, Ezinne Okparaebo, Cathrine Larsåsen og Stine Kufaas, og mange fleire har gode mogelegheiter til å klare krava i 2010.
Dette er prioriterte område for IL i BUL:
Vi kan tilby bedriftar:
Klubben vår er snart 100 år - han blei stifta 8. januar 1913. Ski og friidrett var hovudaktivitetane, og med skikongen Johan Grøttumsbråten blei BUL raskt sette på kartet. IL i BUL har sidan starten også utmerka seg på friidrettsbanen. Allereie i 1930-åra byrja dei første kvinnene med friidrett i BUL.