bul

Idrottslaget

IL i BUL har ikkje hatt ei aktiv skigruppe på nokre år, men vi er framleis stolt arrangør av BUL-sprinten, Noregs fjerde største skirenn.

BUL-sprinten er eit internasjonalt FIS-renn og blei arrangert for 45 gong i 2007. Dei siste åra har rennet gått på Gålå.

Vi håpar på å starte opp ei ny langrennsgruppe hausten 2009.

I dag er det eit par BUL-utøvarar som går turlangrenn for IL i BUL.