bul

Idrottslaget

Du kan melde deg inn elektronisk eller du kan fylle ut medlemsskjema som trenarane våre har. Hugs at vi må ha underskrift på skjemaet!

Meld deg inn her (klikk på linken under):

http://paamelding.bul.no/bul-signup.do

I IL i BUL betaler ein både medlemspengar og treningsavgift.

Medlemskontingenten kjem sentralt frå Bondeungdomslaget i Oslo og har medlemskort på giroblanketten. Medlemskortet kan brukast til å få 25 % rabatt på løpssko hos Sport 1 Sentrum i Storgata 22.

Denne blanketten får du tilsend i posten automatisk når du har meldt deg inn. For medlemmer under 15 år, kostar det 300 kr å vere medlem. For ungdom frå 15 år og oppover kostar det 850 kr årleg.

I tillegg får du 2 gonger i året ein giro med treningsavgift. Treningsavgifta er med på å finansiere drifta av gruppene; trenarar, startkontingent, lokalleige osv.

Du betaler 600 kr halvåret dersom utøvaren er under 10 år. For dei mellom 11- 14 år kostar det 700 kr halvåret. For dei over 15 år, er prisen 800 kr halvåret.

Vi gir også søskenrabatt!

I IL i BUL må ein 1 gong i året sitje vakt på Bislett stadion nokre timar for å hjelpe klubben med å oppretthalde gratis trening på Bislett.

Alle medlemmer får tilbod om å hjelpe til under Bislett Games og sjå stemnet gratis.

Velkommen i klubben!