Europas beste sprintar
Jays kom til Noreg i 2002 og byrja straks i IL i BUL. Han skal vere her heile karriera!
Jaysuma Saidy Ndure
Personlege rekordar:
100m: 10.01 (norsk rekord)
200m : 19.89 (norsk rekord)
Kom frå Gambia i 2002 og blei i fjor norsk statsborgar.
Sambuar med Heidi Trollsås, tidlegare Noregsmeister på 400m hekk.
Trenarar: Benjamin Jensen, Olav Magne Tveitå
Jays sprang for skulen sin i Gambia da han budde der, han trena ikkje så mykje friidrett, men var med på konkurransar og han dreiv også med basketball og volleyball.
Da Jays kom til meg på dei første treningane, sprang jentene i frå han, fortel Olav, som har vore trenar i BUL i mange år for blant andre Mari Bjone, Marit Nyberg, Ann Helen Rinden og Sigvor Melve, (og Heidi Trollsås), alle mange gonger Noregsmeistrar i sprint.
Jays viste seg likevel å vere eit enormt sprinttalent, han er afrikansk meister for junior i sprint, og han deltok i VM allereie i 2003. I VM i Helsinki to år seinare blei han nr 10 på 200m.I årets NM vann Jays klart på 100 m. Han fekk Kongepokalen i friidrett både i 2007 og 2008.
Jays var faktisk også med i OL i 2004 - i 2008 gjekk det ikkje heilt som forventa. Skadeproblem heile sesongen øydela mykje for Jays. Han var i kjempeform under OL, men blei hindra i å springje semifinale på 200 m etter ein strekk i låret i mellomheatet.
2007 blei sesongen da heile verda fekk opp auga for stortalentet Jays Ndure. Med siger i Golden League og tida 19.89 på 200m sprang han seg inn i den ypparste verdseliten!