Det blei ei rekkje med gullmedaljar til IL i BUL sine unge,håpefulle under UM i Drammenshallen i helga. Vi fekk sjå eit nytt stortalent på kvinnesida då Nadia Akpana Assa vann både lengde og 60 m fyrste dag. Nadia er berre 15 år, men sprang 60 m på 7,99 i finalen, og sjølv med ein dårleg start, vann ho. Nadia var også raskast i forsøket på 100 m, men tjuvstarta i finalen og blei dessverre diska.
Andre vinnarar frå IL i BUL blei:
Kjølv Egeland i høgde med 2,10 m i eldste klasse. Kjølv har byrja å finne formen og berre uflaks gjorde at han ikkje klarte 2,15 m. Han hadde ingen konkurranse i klassa si, han starta å hoppe omtrent då dei andre var ute av konkurransen.
Peter E. R Osazuwa vann 100 m med ein tidel på tida 11,01 (Gu23). Peter har sprunge så godt som 10,96 i eit stemne i Sør-Afrika tidlegare i vinter, så dette verkar svært lovande.
Tora S. Normann vann høgde for jenter med resultatet 1,62 m. Ho trenar no saman med blant andre Kjølv i gruppa til Hanne Haugland, så her kjem vi nok til å få sjå enda større høgder utover sesongen.
Chiamaka Okparaebo begynner å få kontroll på lengdetilløpet, og då går det også langt. Chia vann lengde med ny pers 5,47 m, og tok også ein fin bronse på 60 m.
For fleire resultat, sjå friidrett.no