bul

Idrottslaget

 

 

Årets versjon av innandørs NM i friidrett blei i helga 20.-21. februar 2010 halde for 19. gong i Stangehallen. 249 deltakarar fordelte på 436 startar skulle kjempe om medaljane.
 
IL i BULs Peter Efe Rasmussen Osazuwa løp på laurdag ein svært solid 60 m-finale og blei nummer 3 med ny personleg rekord 6.96! Det skilde berre 2 hundredelar til gullet. Stine Kufaas tok sigeren i kvinnenes høgdekonkurranse søndag med resultatet 1.87 m, 4 cm føre Tonje Angelsen frå Trondheim på 2. plass. I herranes konkurranse følgde Kjølv Egeland opp med gull og resultatet 2.10 m, følgt av lagkamerat Kristoffer Nilsen på 2. plass med resultatet 1.95 m.
 
Gratulerer med innsatsen!