IL i BULs eminente høgdehoppar blei i dag (12.03.10) nummer 10 i høgdekonkurransen i VM innandørs i Doha. Stine er ein av tre norske deltakarar, og gjorde ei svært god kvalifisering, kor ho tok alle høgdene fram til 1,92 m i fyrste forsøk. Ho hadde eit kjempeforsøk på 1,92 også, men dessverre blei det for høgt denne gongen for Stine. 9 jenter med 1,92 kvalifiserte seg for finalen, som går i morgon. Stine var altså svært nær, men totalt var dette ein flott konkurranse av Stine. Vi gratulerer så mykje!