bul

Idrottslaget

DN Sentrumsløpet

DN Sentrumsløpet

Kondis / Heming Leira

Vi ønskjer å gjenta suksessen frå i fjor, og arrangerer friidrettsskole på Bislett Stadion i vekene 31, 32 og 33 i sommar. Påmeldinga er fortsatt open - vi minner om at vi har begrensa plassar og at det fyllast opp fort! Veke 33 er no fullteikna men det er framleis plassar i veke 31 og 32!

Velkomen til IL i BUL sin friidrettsskole sommaren 2012

Idrottslaget i BUL vil sommaren 2012 arrangere tre friidrettsskoleveker på Bislett Stadion. Friidrettsskolane blir arrangerte i veke 31, 32 og 33 – måndag til torsdag. Det er mogeleg å vere med på ei veke, to veker eller alle tre vekene. Tilbodet er for barn 6-12 år, både for dei som allereie trenar friidrett, og for dei som er heilt ferske. Nivået blir tilpassa kvar enkelt – alle skal få oppleve både meistring og nye utfordringar. Instruktørane våre er til vanleg trenarar i IL i BUL sine barne- og ungdomsgrupper, og har god erfaring med å leggje til rette aktivitetar for barn.
 
Veke 33 er no fullteikna men det er framleis ledige plassar i veke 31 og 32.

På IL i BULs friidrettsskole vil barna kunne prøve dei ulike friidrettsøvingane. I tillegg vil vi ha andre aktivitetar som hinderløyper, leik og innslag frå andre idrettar. Kvar friidrettsskoleveke avsluttast med utdeling av diplom og medaljar til alle deltakarane. Velkomen!

Pris: 900 kr (sjå link nedst for kva som er inkludert i prisen.)

Påmeldinga er no open. Denne infoen må vere med ved påmelding:

Fullt namn på deltakar:
Fødselsdato:
Adresse:
Føresett/kontaktperson:
Kontaktinfo for føresett/kontaktperson – e-postadresse og telefonnummer:
Kva for veke(r):
Eventuelt andre tilleggsopplysingar

Send dette per e-post til: suhonen@online.no

Eit infoskriv vert sendt ut til alle påmeldte i forkant av friidrettsskolen.