Fantastisk innsats av alle lagene i Stafett - nm i helga! BUl vart klubben som tok med seg flest medaljar heim frå den nye Friidrettsbanen på Jessheim i helga. Laurdag vart det i g 15 - 16 gull til 1.laget og bronsje til 2. Laget. På gulllaget sprang Yobe Najar, Adrian Hovland, Grunde Myhrer og Knut Joakim Berglyd. På Bronselaget sprang Thomas Bjerkan, Erlend Colouille, Daniel Hvidsteen og Knut Joakim Berglyd.
På 4 x 100 meter menn senior vart det en flott 2.plass bak Ranheim. På dette laget sprang Peter Ozasuwa, Thomas Jakobsen, Einar Andre Bydal JAkobsen og Eirik Haugstad inn på tida 41.94. Førehandsfavorittane frå Tjalve fekk desverre ikkje fullført stafetten. Veteranlaget på 4 x 400 tok ein flott sølvmedalje Laget besto av Iakob Mthisen, Asle Slettemoen, Eirik Engmark og Hassan Bouka .Søndag var det nye mulegheiter og laga fulgte fint opp. På 4 x 400 menn senior vart det ein ny fin 2. plass, denne gang bak Gular! På dette laget sprang Marius Schneider, Thomas Bydal Jakobsen, Kristian Berg og Einar Bydal JAkobsen.
I 4 x 600 m i g 15/16 vart det også ein super 2. plass for Grunde Myhrer, Endre Wigaard Anders Bakken Arneberg og Henrik Grønbech. Det var verkeleg dagen for sølvmedaljer for BUL, for Menn Juniorlaget måtte sjå seg slått av MOSS på 4 x 100m. Men Samuel Gyedu Nkuh, Haakon Askim Vatne. Nzimirro Adam Obiora og Tando Sigcau fekk pinnen inn til 2. plass og tida 44.78. Her kom 2.laget på 4 plass. På 4 x 100 meter for jentene vart det 5. plass til jente 15/16 laget ( Ingebjørg, Julie B, Julie G, og Yasuna) og ein litt sur 4. plass for damelaget (Chiamaka, Nadia, Karoline og RAndi.) Denne vann Sk Vidar på ein solid ny norsk rekord. Vi Gratulerer.
Veteranlaget var i dag åleine i si klasse på 4 x 1500 og tok da eit opplagt gull i denne øvinga, men god gjennomføring av alle 4; Iakob,Asle,Stein og Hassan .
For video,bileter, resultater mm sjekk heime sidea til stafett- NM:
http://www.stafett-nm.no
Vi gratulerer herved alle våre utøvarar med fantastisk innsats. Dei får mykje ros for sine idrettslege prestasjoner, men dei skal og ha mykje ros for flotte haldningar, ein utruleg stå på vilje og ein framifrå lagand og eit godt humør. Vi er kjempestolte av og ha så mange flotte idrettsungdom i BUL.
Vi skal leggje ut fleire bilder etterkvart :)
BUL vart beste klubb og tok flest medaljar under NM stafetter på Jessheim i helga. Fantastisk innsats av alle laga.