Bli med IL i BUL til EM i Barcelona 2010!
IL i BUL satsar på å ha med minst 5 utøvarar i EM i Barcelona 2010 – har du lyst til å heie på dei saman med oss, bli med på denne turen!
Vi har to alternativ:
1. Treningsleir i Gava med EM etterpå
- Reise: 18. juli-1. august (med SAS frå Gardermoen)
- Opphald: Hotell (i dobbeltrom), EM-billett 3 dagar og trening 14 dagar
- Pris: 9 000 kroner pr. person
2. Tur til EM
- Reise: 25. juli-1. august
- Opphald: Hotell (i dobbeltrom), EM-billett 3 dagar
- Pris: 5 600 kroner
Alle skal bu på Canal Olimpic Hotel, eit flott hotell 500 m frå stranda, med basseng, 2 km frå treningsbanen, 10 km frå Barcelona sentrum med gode buss-/togforbindelsar.
Link hotell:
http://www.hotelcanalolimpic.com/en/barcelona/index.asp
Trening vil gå føre seg på Gava (El CLUB D'ATLETISME GAVA), der alt nødvendig utstyr skal vere tilgjengelig (tekniske øvingar, styrkjerom etc.). Sjå link under:
http://www.atletisme-gava.com/presentacio.htm
EM-billettane: 3-dagers pass for tysdag, onsdag og torsdag under EM (27., 28. og 29.juli) er inkludert. Ønskjer du dagspass for fredag og/eller laurdag, kan vi bestille dette, mot tillegg i prisen.
Påmeldingsfrist: 10. februar (påmelding er bindande)
Påmelding til: bjorn.sommerfeldt@bul.no
Bli med og opplev Barcelona by, bading på Gava, topp trening og BUL-resultat under EM.
Helsing frå IL i BUL