INNKALLING TIL ÅRSMØTE I IDROTTSLAGET i BUL OSLO
Tid: 2. mars 2010 kl. 19.00
Stad: Hotell Bondeheimen, Tingstova 2. etasje
Saklista:
1. Godkjenning av innkalling og saklista
2. Val av ordstyrar, skrivar og to til å skrive under møteboka
3. Årsmelding 2009
4. Årsrekneskap for 2009
5. Revisjonsmelding
6. Handlingsplan 2010-2013
7. Årspengar 2010
8. Budsjett 2010
9. Val
Sakspapira er klare ei veke før årsmøtet, du kan få desse tilsende frå kontoret:
oddfrid@bul.no/ 23 21 41 62
Berre dei som har fylt 15 år, har betalt årspengar 2010 og har vore medlem minst 1 månad, har røysterett.
Det blir enkel servering.
Vel møtt!
Oslo 2. februar 2010
Beste helsing
Idrottslaget i BUL
Rune Stenersen
styreleiar