Barnelaget organiserer for tida ikkje vanlege øvingar, berre einskildkurs og SFO-aktivitetar.
Men det finst nokre tilbod: Familiesamdansane held fram, og blir kunngjort på nettsidene.
Nye hallingkurs kjem også: Dei neste blir 13. og 14. februar, og 10. og 11. april. Begge kursa haldast i Nordahl Bruns gt. 22 kl. 12-15, og kostar 200 kroner. Anders Aasberg frå Frikar er rettleiar.
Kursa blir skipa saman med Barnelaget i BLS.