130 små og store fann vegen til Nordahl Bruns gate og BLS. Halli var meir en stappfull! Det blei servert kjøttbollar og potetmos, til dei fleste ... Vi gjekk dessverre tomme for potetmos, men det ordna seg med supplement frå nærbutikken. Slik er det med mange gjester! Vi avslutta måltidet med masse deileg sjokoladepudding med vaniljesaus og barna song "Takk for maten" av full hals.
Det blei dans i to salar og "de over og under 60", som består av Lars Petter, Harald, Solvor og Benjamin spela for dei minste, mens Solveien spelemannslag, eit barnespelemannslag frå Steinerskolen på Nordstrand, godt leia av Elizabeth Gaver og Hans-Hinrich Thedens, spela for dei eldste barna.
Teater Bak Fram underheldt med masker i kakepausen, og vi fekk besøk av sjølvaste tryllekunstnar Chriss. Dette var ein stor suksess. Med god hjelp frå barna blei duken på ein paraply trylla vekk, og både levande duer og kanin trylla fram.
Til slutt dansa alle ein laaang rekkjedans før hallinggruppa i Barnelaget i BUL avslutta med eit supershow og sparka katten ut av sekken!
Barna hadde ein flott kveld og vi gler oss alt til neste år!!