bul

Barnelaget

 
Kringsjå Bydelsbarnelag 14. mars 2011. Foto: Trine Merete Sjølyst

Kringsjå Bydelsbarnelag 14. mars 2011. Foto: Trine Merete Sjølyst

Foto: Trine Merete Sjølyst

Marienlyst Bydelsbarnelag 16. mars 2011. Foto: Trine Merete Sjølyst

Marienlyst Bydelsbarnelag 16. mars 2011. Foto: Trine Merete Sjølyst

Foto: Trine Merete Sjølyst

Kringsjå Bydelsbarnelag starta opp med folkedans på skulen måndag 28. februar. Det var ei lita gruppe med ivrige dansebarn og fleire blir det etter kvart. Dei dansa og leikte med rytmar og spelte teater gjennom ulike øvingar! Eit av høgdepunkta var å sende ein magisk ting i ringen! Om du ikkje veit kva det vil seie, kan du melde deg inn i Barnelaget, så får du svar! Trine Merete Sjølyst er hovudinstruktør, men vil få god hjelp av fleire dyktige gjesteinstruktørar. Trine Melby vil vere med fleire gonger som både musikar på nøkkelharpe og som instruktør.

Onsdag 2. mars starta vi opp Marienlyst Bydelsbarnelag med 20 barn, (som er maks) og fleire sto i kø og ville vere med!! Olav Christer Rossebø (Laffen) spelte og leia fele-quiz, og Trine leia dansen. I tillegg til å lære blant anna parhalling og polka, mima vi ulike dyr i leiken "Her kjem vi" og dansa krokodilledans! Olav Christer Rossebø og Erlend Viken vil vere musikarar på Marienlyst skule heile våren.