bul

Barnelaget

 

Styret i Barnelaget i BUL vil gjerne ynskje alle små og store i Barnelaget god jul og godt nytt år!

2011 har vore eit fantastisk år med stor aktivitet. Vi har hatt fleire ulike helgekurs med mange deltakarar. Vi har hatt ei stor og aktiv hallinggruppe og dansa med elevane frå 1.-3. trinn på Marienlyst skule kvar veke. Vi har også arrangert Familiesamdans kvar månad med dans for alle mellom 0 og 100 år og vore på BARNLEK i Danmark. Den største suksessen var kanskje barneleikfesten i oktober.

Vi vil takke alle barn som har vore med på aktivitetane våre og alle foreldre som har stilt opp for at barna kan vere med i Barnelaget i BUL!

Vi gler oss til neste år med fleire spanande aktivitetar på programmet. Vi kan freiste med barneleikfest i Kongsberg 11. februar, fleire helgekurs og ei større framsyning i Teatersalen denne våren. 13. oktober blir det barneleikfest i Oslo.

Om de har forslag til aktivitetar eller turar, må de ikkje nøle med å ta kontakt!

Venleg helsing Barnelagsstyret i BUL