Barnelaget held på å byggje opp si eiga heimeside her.
På denne sida skal du etter kvart få finne ut meir om Barnelaget.
Her skal det koma litt av kvart om kva vi driv med - leik og dans og turar og leven.
Hos oss er alle velkomne!
Vi samarbeider med barnelaget i BLS
www.bls.no som har øvingar torsdagar kl. 17.30-19.00 i Nordahl Bruns gate 22.
Barnelaget i BUL har scenekunsttilbod kvar torsdag i SFO på Møllergata skule.
Vi kan også halde danse- og teaterkurs for barnebursdagar, skuleklassar og andre grupper som ønskjer eit kulturelt tilbod for barn/ungdom. Ta kontakt med Trine.
Over her ser du eit bilete frå ein kulturkveld vi var med på i fjor - vi har nemleg fått oss ein heil flokk palestinske vener som også likar å danse. Vi har lært palestinsk dans av dei, og dei har lært norske av oss.