Adresse: Rosenkrantzgt 8, 0159 Oslo Telefon: 23 21 41 60 lagskontor@bul.no
Veidekkelekene er eit av Noregsstørste friidrettsstemne og blir arrangert over 4 dagar på Lillehammer. Det blei mange sigrar og gode prestasjonar av BUL-utøvarar. Spesielt imponerte Nadia Akpana Assa, som vann både 60 m på 7,94, 100 m på 12,61, og lengde på 5.34 i 14-årsklassa. Elles imponerte Amalie og Julie Bjørebye med fine plasseringar på 60 og 100. Jørgen Strand vann spydkonkurransen med 42 meter i sterk motvind. Tora Spangen vann høgde med 1,61 m, ein forbetring av personleg rekord med 1 cm frå forrige veke. Adam Obiora persa med tida 11.93 på 100 meter. Marius Eriksrud hoppa 1.95 i høgde og persa med 5 cm. Erlend Rønningen hoppa 2 meter og auka årsbeste med 5 cm.
