Ynskjer du å jobbe med idrett i IL i BUL?
Vi søkjer etter ein omgjengeleg og effektiv person som likar idrett. Personen skal arbeide tett med dagleg leiar og assisterande arrangementsansvarleg på kontoret i Rosenkrantz’ gate 8.
Stillinga er tenkt å vere 60 %, men kan utvidast.
Arbeidsområde: administrasjon, økonomi, idrett og arrangement .
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Ta kontakt med dagleg leiar Hege F. Pedersen, 957 55 042 ved interesse og spørsmål.
Søknadsfrist: 25. august.
IL i BUL er ein del av Bondeungdomslaget i Oslo og er ein av Norges største og beste friidrettsklubbar. Vi har i tillegg til friidrett ei langrennsgruppe og ei gruppe for psykisk utvikllingshemma. IL i BUL har topputøvarar både i friidrett og langrenn, men også ei svært stor barne- og ungdomsgruppe og mosjonsgrupper for vaksne. Vi er arrangør av Sentrumsløpet, barne-og ungdomsfriidrettsstemne og Special Olympics-arrangement, i tillegg er vi delarrangør av Bislett Games. Klubben er i god framgang og vi treng difor meir arbeidskraft på kontoret.