bul

Bondeungdomslaget i Oslo

 
Marsjkonkurransen

Marsjkonkurransen

Kari Svendsen og Stian Carstensen, Allsongkveld 16. april 2008

Rikskonsertene

Allsongkveld 16. april 2008

Allsongkveld 16. april 2008

Trubadur Kari Svendsen og lagsleiar Wenche Blomberg drar opp "Folket bak veven".

Kari Bøyum

Stian Carstensen

Stian Carstensen

Kari Bøyum

Velle Espeland

Velle Espeland

Velle Espeland frå Norsk visearkiv på Allsongkvelden 16.4.2008

Kari Bøyum

Ikkje all song er god song, men onsdag 16. april var allsongen god i Teatersalen! Mykje takk vere trubaduren Kari Svendsen og hennar makker, multimusikaren Stian Carstensen. Dei var drivande gode forsongarar og baud sjølve på både samspel og solonummer av beste merke.

 

Det har vel ikkje vore sunge så fulltonande og flott i Teatersalen på lange tider. Rett nok var Songlaget, som skipa til kvelden i lag med lagsstyret og Rikskonsertane, kjernetroppane i salen denne kvelden, men me var mange andre med og gav lyd til kjende og meir ukjende songar og viser. Trur det må ha vore mellom 80 og 100 stykke til stades, det let iallfall slik! (90, red.)

Kari Svendsen var seg sjølv lik, baud på glitrande banjospell og rappkjefta songkunster, som i “Marsjkonkurransen” (Og vi gikk og gikk…), og fekk med seg folk både i refreng og i mange viser og songar, mellom andre av Alf Prøysen og ikkje minst Geirr Lystrup. Blandinga av kjent og kjært og noko nytt og spennande var framifrå. Og Stian Carstensen gav til beste fleire fenomenale trekkspelparti og eit par steikande artige eigne viser med tema frå Eidsvoll-traktene.

Dagleg leiar ved Norsk visearkiv, Velle Espeland, smette inn lettfatteleg folkeopplysing om song- og viseskatten vår, medan lagsleiar Wenche Blomberg var vise-vert for kvelden på ein ledig og munter måte. Dessutan var det helsing frå Rikskonsertane, dei var med på notane…

Opplegget i år var eit samarbeid mellom BUL og Rikskonsertane si allsongsatsing “Heile Noreg syng!”, og dette var andre gongen i Teatersalen. Om ikkje noko heilt uventa hender, vert det liknande opplegg neste år også, og då må alt BUL-folket bli med på dette vårsleppet av stor songglede og godt humør! Årets utgåve var desidert vårens vakraste til no…

Alv Reidar Dale
allsongar