Ungdomsgruppa til Den mangfaldige scenen (BAUT) arbeider i desse dagar med instruktørane Morten Krogh og Shanti Brahmachari og 15 forskjellige ungdommar i alderen 14 til 26 år.
Ungdommane tek sjølve med utkast til kva dei vil utvikle, det vere seg ein song dei har skrive, ein tekst, eit objekt, ei rørsle eller ei kjensle. Ut frå det utgangspunktet vil instruktørane saman med resten av gruppa lage særeige produkt, ei framsyning som kan stå for seg sjølv, eller setjast saman med dei andre sine framsyningar.
Vi arbeider på Teatermuseet, Det Norske Teatret og i Teatersalen i BUL, og vi stortrivst. Vi arbeider fram mot premieren til opninga av den nyoppussa Teatersalen i BUL og opninga av Bislett Games.
Camara Joof, prosjektleiar for ungdomsgruppa