Medlemspengane skal betalast forskotsvis. No blir du stroken om du ikkje passar på.
Lagsstyret har vedteke å skjerpe rutinane for innbetaling av årspengar. Det har gått med altfor mykje ressursar på purringar og arbeid med dette. Rådet blei orientert om endringa 4. november 2009. Lagskontoret er bede om å halde ei konsekvent line på dette.
Dei nye rutinane inneber at medlemspengane skal betalast på forskot. Særlaget får melding om kven som ikkje har betalt. Det blir purra ein gong, og dei som då ikkje har betalt blir sletta som medlemer. Ved innmelding på nytt blir gammal kontingentgjeld ståande i tre år, denne gjelda må betalast før medlemskapen kan reaktiverast.
Giroar gjekk ut før jul og purring blei sendt i februar. Dei som etter dette ikkje har betalt, er sletta som medlemer. Den 22.4.2010 blei det sendt liste til særlaga over kven som er medlemer per denne datoen.