Vil du vere utsending frå Bondeungdomslaget til års- og landsmøta som kjem på rekkje og rad frametter?
Listeval
Årsmøtet utpeikar utsendingar til lands- og årsmøta i ymse nærskyldte organisasjonar. Vi skal fylle ymse lister, og dersom du er spesielt interessert kan du melde deg!
Dette gjeld utsendingar til
Noregs Mållag: landsmøte 16.-18. april, Stiklestad (fem utsendingar)
Noregs Ungdomslag: landsmøte 24.-25. april, Oslo (sju utsendingar)
Fylkeslaget BLS (Bygdelagssamskipnaden): årsmøte 22. april, Oslo (10 utsendingar)
Det Norske Teatret: årsmøte 25. april, Oslo (10 utsendingar)
Dag og Tid: generalforsamling 22. april, Oslo (kolliderer med BLS) (tre utsendingar)
Laget dekkjer rimeleg reise/overnatting. Utsendingane må snekre saman ei stutt melding til laget etterpå om dei viktigaste sakene og vedtaka frå møta.
Meld deg til lagskontoret.